Litt om meg

Velkommen til den nye turbloggen min. Lillian heiter eg, og eg er nok litt meir enn gjennomsnittet glad i å gå på tur. Eg bur, og går mest på tur i Nordhordland, men er og glad i å reise rundt i Hordaland og andre stader i Norge.IMG_5093
Dette bilete er tatt ein sein kveld i april 2015, på Lialoftet ca. 350 moh, ein lokal fjelltopp. Hunden er ikkje min, men gode vener sin som låg i telt oppe på fjellet. Denne turen til Lialoftet var ein av 365 turar eg gjekk i 2015.

Eg er 47 år, har tre flotte, vaksne barn og verdens beste sambuar og turven. Å gå på tur har alltid vore ein del av livet mitt, men det har ikkje alltid blitt prioritert slik som eg kunne ynskja. I januar 2014 bestemte eg meg for å prøva å gå på tur kvar einaste dag eit heilt år, 365 turar på 365 dagar. Ein vond rygg var ei av årsakene til dette noko ambesiøse nyttårsløftet eg gav meg sjølv. Desverre klarte eg ikkje å innfri i 2014, då rygghistoria mi enda i prolapsoperasjon. Men mykje på grunn av bloggen eg skreiv, og innebygd staheit og vilje, så klarte eg likevel over 300 turar det året eg vart operert.

Eg kom meg på beina raskt, og starta å gå igjen. Og når me gjekk inn i 2015 bestemte eg meg for å vidareføra nyttårsløftet til meg sjølv. Og 31. desember gjekk eg tur nr. 365 i 2015. Eg klarte det!!!

Ryggen og helsa har aldri vore betre enn etter at eg starta dette prosjektet for meg sjølv (etter operasjonen vel og merke). Så eg har nok ein gang bestemt meg for å fortsetje å komma meg ut på tur kvar dag. Å skriva om turane og dela turopplevingar med andre, er ein stor del av motivasjonen for å halde på. Og motivasjon treng eg, for det er ikkje alltid like enkelt å komma seg ut i regn og sludd, eller når godstolen lokkar. Andre ting som motiverer meg til å komma meg ut på tur er å sjå nye stader, samla på kommunetoppar, ta med vener på tur og la dei få nye turopplevingar, og rett og slett alle dei gode naturopplevingane der ute. Å variera med å sykla, padla, stå på ski, og skøyter ein skjeldan gong, gjev og fin motivasjon.

Etter to år med mine365turer.blogg.no, ein blogg med mykje reklame eg sjølv ikkje har kontroll over, er det no klart for lillianpåtur.no. Eg endrar nok måten eg legg ut turane på, ikkje dag for dag og km. for km., og andre ting eg meiner er relevant for deg som går på tur kjem og til. Det vil ta litt tid å fylla den med ein del av turane frå 2014 og 2015, og nye turar kjem til etterkvart, så ha litt tolmod med meg. Dei daglege turane fortset eg med, og  kun for eiga motivasjon vert stad og lengd frå dei lagra i vekeskjema. Eg håpar eg med denne bloggen kan inspirera DEG til å komma deg utpå tur. Det er ganske enkelt; ta på sko og og gå ein tur.

No Comments

Post a Comment