Selivarden og Lialoftet

Selivarden og Lialoftet

1.januar, 2016. Søndagstur saman med KB til Selivarden og Lialoftet.

Me gjekk heimifrå og opp ved gardane på Lid i Haugsdalen. Her går det ein fin skogsveg opp- og nordover. Ved raude merke på venstre side av skogsvegen, eit godt stykke oppe, tar ein inn på sti. Vidare på stien bratt oppover gjennom granskog før stien går i meir ope lende, men stadig oppover.

IMG_8717 IMG_8721 IMG_8723

Midt i lia treff ein på sti som kjem frå Smørdal. Me kom opp på søre kanten av Lialoftet og skulle prøve ut ei ny rute mot Selivarden. Denne er det bygdelaget ved pappa og Olav som står for, og den er i ferd med å bli merka og rydda. Den nye løypa ligg mykje lenger sør enn den gamle, og ein går forbi Tveitavarden og kjem inn på den gamle løypa like ved lia opp til Selivarden. Dette er for å få eit alternativ til den blaute myra. Alltid litt vanskelig med nye løyper, men me kom oss over og opp på Selivarden 395 moh., og vart belønna med nydeleg utsikt.

IMG_8724 IMG_8725 IMG_8735IMG_8741

Returen la me rett over myra i den gamle løypa som er merka med raude og kvite pinnar. Vel oppe på Lialoftet ca. 350 moh, var me bortom og skreiv oss i boka også her.

IMG_8743 IMG_8747

Etter å ha tatt inn den flott utsikta her på Lialoftet gjekk med ned til Lid same sti me kom opp.

Ein flott søndagstur i boks 🙂 8,6 km.

No Comments

Post a Comment