Gamleskulen ved Indregardsfjellet i Knarvik, Lindås

Gamleskulen ved Indregardsfjellet i Knarvik, Lindås

2. januar, 2016.

Lørdagstur for » Ut på Tur » gjengen vår i dag. Og aller første tur i dagslys egentleg, me pleier jo å gå på kveldstid. Og fint vêr fekk me og.

IMG_8753

Start og oppmøte ved Nordhordlandshallen, og 17 stykker la i vei mot turløypene. Eg fordelte ansvarsoppgåver og fekk Øyvor, som er leiar i Nh. Turlag, til å leda an. Ho er godt kjent i løypene rundt Knarvik, så me stola på at ho skulle få oss trygt fram. Janne fekk i oppgåve å telje med jamne mellomrom, slik at me er sikker på at alle heng med. Er nok ikkje kjekt å verta gløymt i skogen 😉 Og eg gjekk bakerst for å sjå at alle kom med, heile turen igjennom.

IMG_8755 IMG_8757

Det var litt blaudt ( ikkje skikkeleg frose enno), og litt småglatt innimellom, men når me berre hjalp kvarandre litt, så gjekk det bra.

Ved Gamleskulen hadde me rast, og me delte ut kaffi/ te, nybaka kanelbollar ( eg var tidleg oppe… 🙂 ) og eplekake. Ei triveleg stund, der me fekk prata saman, på norsk. Det er viktig. Alltid på norsk!! Og så lærte me nye skikkar og kjenna. Dei som er i frå Eritrea har faste fram til 7. januar, og i den perioden et dei ikkje produkt som kjem i frå dyr, slik som melk, kjøt og egg. Så desverre vart det ikkje bollar på dei, men me har fått ny kunnskap som me tar med oss vidare.

IMG_8772

Turen ned igjen til «sivilasasjonen» gjekk fint, uten knall og fall, og etter 2,5 time slutta me av, i ring, utanfor hallen. Ein veldig kjekk aktivitet med lørdagstur, og flott at så mange stilte opp. Dette gjer me opp igjen.

IMG_8762 IMG_8766

Eg skal skriva litt meir ein annan gong om kva » Røde Kors Ut på Tur i Nordhordlan» er, og kva mi rolle som prosjektleiar går ut på. Det er i allefall ein aktivitet som gjev mykje positiv energi tilbake til alle som er med. Me gler oss til fortsettelsen.

IMG_8771

No Comments

Post a Comment