Skarsveten, Lindås

Skarsveten, Lindås

4. januar, 2016.

IMG_8897

I dag fann eg meg ein heilt ny tur i boka; «Turar i Lindås, av Knut Langeland». Denne turboka er i frå 2005, og var Lindås kommune si markering av friluftslivets år. Eg har ikkje nytta den så mykje, men no fann eg den fram, og ein tur eg ikkje allereie hadde gått dukk opp. Så avgarde mot Skarsnuten, som ligg mellom Radsundet og Seimsfjorden, bar det.

IMG_8888 IMG_8891

» Turen tek til nett der vegen mellom Litleskaret og Skare er på sitt høgaste. Nett nede i bakken på Skare-sida er det råd å parkera om du kjem med bil. Du går rett opp i planteskogen frå vegen. Det ber temmeleg bratt oppover nyrydda sti og fin skogsbotn» ( Tur 6, Turar i Lindås, 2005).

IMG_8905 IMG_8904 IMG_8896 IMG_8895

Det var fint og tørt og gå her, og det var laga små opningar i granskogen frm på kanten, slik at ein fekk utsikt over mot Radøy. Oppe på toppen av Skarsveten fekk ein flott utsikt i alle retningar. » Skarsveten var ein del av varslingssytemet frå Mellomalderen og fram til ein gong på 1600-talet. Ved hjelp av vetebrenning gjekk ordet frå topp til topp, fra gard til gard og grend til grend om ufred truga og fiendar var på veg». ( Turar i Lindås, 2005) Ein historisk plass altså. Her står og ein kikkert ein kan sjå utover øyane og havet der ute. Ein artig attraksjon synest eg.

IMG_8911 IMG_8909

Turen som er omtala i boka er ein rundtur, men eg følgde stien utover til den gjekk inn i skogen mot aust mot Titland, og her snudde eg og gjekk same vei tilbake. Nok ein tur å anbefala i Lindås. 3,8 km.

IMG_8931 IMG_8917 IMG_8934

No Comments

Post a Comment