Lindås på langs

Lindås på langs

14. mai, 2015

Då var endelig dagen her. Me skulle ta Lindås på langs. Ideen til denne turen kom medan eg kjørte fram og tilbake til fysioterapi etter prolapsoperasjon i haust. Og Kjell-Bjarne sa ja til å vera med på » galskapen». Datoen har vore klar lenge, og jammen var me heldige og fekk eit fantastisk flott turver også.

Turen vart delt i fire etappar, slik at me skulle få variasjon og ekstra motivasjon for langturen.

Etappe 1: Mongstad/Litlås- Vågseidet, på sykkel.

IMG_5398 IMG_5406

IMG_5401 IMG_5400

IMG_5403

Me starta frå industriområdet på vestsida av Mongstadkrysset, like nord for kommunegrensa mellom Austrheim og Lindås. Frisk nordavind i ryggen og blå himmel gjorde turen innover lett og flott. Sykla gamlevegen forbi Litlås og til Hope. Deretter hovudvegen til Lauvås, der me tok av og sykla til Lindås via Verås og Ådnevika. Verkeleg flott innover her, med kulturlandskap og lett kupert terreng. Tok litt bilder innover, men blir lett til at ein syklar forbi gode motiv fordi det er » for mykje bal» å stoppe opp 🙂

Frå Lindås til Vågseidet sykla me gamlevegen og forbi Vågseidstranda, før me parkerte syklane bakom saga på Vågseidet.

Etappe 2. Vågseidet- Vik. Til fots.

IMG_5409 IMG_5477

IMG_5418 IMG_5413

IMG_5419 IMG_5424 IMG_5427

IMG_5431 IMG_5429

IMG_5436 IMG_5438

IMG_5439

Etter kles-og skobyte, og tursekkane er kome på ryggen ( dei låg klare her med saga) , så la me i veg oppover mot Skausenøien 365 moh. Dette er Lindås sin mest besøkte fjelltopp, og her har me vore mange ganger tidlegare. Etter at me hadde skrive oss i boka, gjekk me vidare mot sør og Selivarden 395 moh. Men like før Fjellsbø tok me oss ein liten rast med god mat og drikke. På Selivarden blas det friskt og me fekk godt utsyn over vatna me seinare skulle padla over. Etter at me hadde skrive oss i boka her og bar det inn på ei ny rute og det var frå Selivarden og ned til Vik. Fin sti og ganske bratt, men likevel lett å gå. Kom ned på vegen ved Seljelid, og gjekk inn til Vik der kanoen låg.

Og dermed var ein ny, flott etappe unnagjort.

Etappe 3. Vik- Kleivdal. Kano.

IMG_5441 IMG_5442

IMG_5448 IMG_5450

IMG_5452 IMG_5451

IMG_5465 IMG_5462

IMG_5459 IMG_5458

IMG_5466 IMG_5469

På Vik låg kanoen og venta på oss, sola skein frå blå himmel, og me kom oss på vatnet og fekk nordavinden i ryggen. Heilt perfekt. Så då bar det avgårde innover Vikavatnet og Midtvatnet. Når me kom ut i Tveitavatnet la me oss til sørvest på Tveitaøyna for ein velfortjent middagsrast. Stormkjøkkenet var med, og etter kort tid kosa me oss med viltgryte, kaffi og sjokolade. Rein idyll. Jammen kjenner me oss priviligerte her i naturen i Norge. Heldige oss som kan nyta dette.

Etter rasten padla me innover mot Søreidet. Litt smal passasje inn i det vesle vatnet før me var inne, og me tok nedi botn fleire stader, men kom oss igjennom. På Søreidet var planen å få kanoen med oss over i Storavatnet. Men det turplanleggjaren ikkje hadde tenkt på så er Storavatnet drikkevatn. Var det lov å padle her? Me gjekk over med sekkane først og las på skiltet som var sett opp. Her sto det : forbudt å campe, fiske og bade. Men slik me tolka dette er det ikkje forbudt med ferdsel over vatnet, me skulle jo verken bade, campe eller fiske. Dermed baksa me kanoen over langs veien (200-300 m) og kom oss ut på vatnet. Det låg mange båtar og kanoar ved hus og hytter langs vatnet, så me gjekk ut i frå at me tolka reglane rett. Ved Kleivdal la me opp kano og bagasje me ikkje skulle ha med vidare. Og så var me klare for siste etappe.

Etappe 4. Kleivdal-Knarvik. Til fots.

IMG_5471 IMG_5476

IMG_5496 IMG_5485

IMG_5481 IMG_5490

IMG_5492 IMG_5502

IMG_5500 IMG_5503

IMG_5504 IMG_5505

IMG_5506

Siste etappe starta kl 18, så no hadde me kvelden på oss til å nå målet som var ferjekaien i Knarvik. Og med friskt mot starta me på bakkane opp mot gamle Furebergtunellen, og vidare på skogsvei og sti mot Seimsvarden. Vidare sørover fjellet mot Krossane. Framleis sol og strålane ver, og nordavind i ryggen. Begynte å merke at me hadde vore på tur sidan kl 9 om morgonen, men no hadde me berre ein skikkeleg stigning igjen, opp på Gladihaug 420 moh.

Me gjekk ned frå Krossane, 401 moh, mot vest og kryssa ved den store myra og opp over åsen på vestsida til Gladihaug 430 moh. Turens høgaste topp, og no såg me målet i Knarvik.

Herifrå og ned til Sjosida/Gjervik hadde me aldri gått før, men det skulle nok bli ein rein sjarmøretappe. Kor feil me skulle ta. Valgte nok feil sti allerede på toppen ( var ikkje merka) , og etter kort tid ned i lia mista me den og. Då hjelper det lite at ein ser kva retning ein skal. Stien me gjekk på hadde retning alt for mykje mot nord, og når eg såg det eg rekna med var Kopperdal, då orka me ikkje snu. Så kva gjorde me?

Me fann ut kor me var på kart og gps, kva dal me skulle ned, og så » kasta» me oss ut i det rett sørvest. Bratt nedover gjennom sprake og ur. Merkeleg nok holdt både energi og humør, og når eg snudde meg for å sjå oppatt kva sg eg? Gul kusymre i hopetal. Så mykje av denne sjeldne blomen har eg aldri sett før, og hadde me ikkje gått oss » vill» så hadde me aldri fått sett det heller.

Så var det klarting opp att på neste ås og det same ein gong til, før me kom til rett dalføre og gå ned. Og her fann me sti igjen 🙂 Så no kom me oss ned i Sjosidevegen på skapeleg vis. Men klokka gjekk, og sola gjekk ned.

Ved Mundalsbergtunellen vart det skobyte, og så traska me utetter gamlevegen gjennom Gjervik og til Knarvik.

Etter nesten 14 timar, og ein helt fantastisk tur nådde me målet vårt på Knarvik kai. Lindås på langs var gjennomført 🙂 🙂 🙂

49 km. på sykkel, i kano og til fots.

Takk til pappa og Andreas for skyss til og i frå start og mål.

No Comments

Post a Comment