Nøttveitveten og Morkenfjellet, Radøy

Nøttveitveten og Morkenfjellet, Radøy

6. april, 2014

I dag skulle eg til toppen på det høgaste fjellet i Radøy kommune. Var heldig og fekk med meg kusine Theresa på turen.
Kjørte til Manger og opp på Solendfjellet og parkerte der. Så gjekk me sør og opp på toppen av Solendfjellet. Vidare sør til Nøttveitveten som ligg på 205 moh. Deretter vidare mot sør og til Morkenfjellet, 217 moh, som er det høgaste fjellet i Radøy kommune. Og dermed var 3/33 kommunetoppar i Hordaland unnagjort.
Turen gjekk i flott kulturlandskap og området kring Nøttveitveten er valt til tusenårsstaden i Radøy.
Fin og lettgått sti i kupert terreng, men med to kusiner på tur tok turen på 4,7 km ca to timar, tur/retur. Mykje lått, oppdateringar og prat undervegs. Veldig kjekt. Tusen takk for turen Theresa.

IMG_2681 IMG_2682

IMG_2683 IMG_2684

IMG_2685 IMG_2686

IMG_2687 IMG_2689

IMG_2693 IMG_2694

IMG_2695 IMG_2698

IMG_2700

No Comments

Post a Comment