Sæverøy, Austrheim

Sæverøy, Austrheim

13. januar, 2016

IMG_9135

Å køyra langt uti øyane i Austrheim for å gå på tur, når ikkje sola skin eingong? Jaudå, det går heilt fint. Fekk ikkje gått der eg hadde planlagt, då sideveiane var veldig glatte, men parkerte like før kaien til Fedjeferja. Så tok eg beina fatt og gjekk etter vegen ut til endes, i Sæverøyna.

IMG_9141 IMG_9143

Litt spanande å gå her i gråvêr og. Andre inntrykk enn i strålande sol og sommar. Hadde sikkert vore kjekt når det bles og ruskar litt, men i dag var det så godt som vindstille.

IMG_9145 IMG_9146@

IMG_9148 IMG_9149

Litt hytter, og nokre bolighus her ute, og sikkert rein idyll på sommarsdagen.

IMG_9150 IMG_9152 IMG_9154

Eg gjekk til vegens ende, til kaien på Baløyna. Der fekk eg sjå over til  den gamle skulen i Rongever, der eg var på skuletur i 6 klassen. Då var det ikkje veg og bruer utover her, så me tok skyssbåt frå Øksnes trur eg.

Eg prøvde å komma meg ned på kaien der butikken låg den gongen me var her på skuletur. Men eg fekk berre sjå den i frå baksida, då dette sannsynlegvis berre er eit privathus i dag. Me rodde over til butikken og kjøpte kandissukker. Skikkelig eksotisk, sjølv tidleg på 80-talet.

IMG_9157 IMG_9156

Same vei tilbake til bilen, og så heimover i lett snøvêr.

6,2 km.

No Comments

Post a Comment