Rundtur på Fedje

Rundtur på Fedje

29. mars, 2014

IMG_2584

I dag fekk eg min aller første tur Fedje nokonsinne, i strålande solskinn og nesten vindstille.
Eg og Wenche tok ferga ut og starta med å gå den austre Nordsjøløypa . Denne var ikkje merka, men me fann stien med litt rettleiing og ein god porsjon flaks. Stien gjekk i furuskog og ved sjøkanten, med utsikt mot Nordhordland. Lunsjen tok me med bølgeskvulp og lydar frå sjøfugl ute på eit svaberg. Idyll 🙂
Så gjekk me vidare mot Stormark. Her følgde me veien ut til Fysundet og Hellisøy fyr, før me kom inn på vestre Nordsjøløypa . Over knausar, forbi flotte steingardar, gjennom lyng med ubeskrivelig utsikt mot vest og over Fedjeøya på aust. Superlativa sat laust denne dagen, for å sei det mildt 🙂 🙂
Nordsjøløypa enda i Træsneset for oss, men me toppa dagen med å bestiga Fedje sitt høgaste punkt, Feibjørnen , 42 moh. Ei bragd i seg sjølv, ikkje sant Wenche ?
Som om ikkje dagen var fantastisk nok avslutta me med nydeleg kvalkjøtgryta hjå Kristine.
13.km og absolutt å anbefala 🙂

 IMG_2586 IMG_2589 IMG_2598 IMG_2607

IMG_2609 IMG_2614

IMG_2617 IMG_2627

IMG_2631

No Comments

Post a Comment