15. oktober, 2015
Då var det endelig tur til Os kommune sitt høgaste fjell; Svinningen 843 moh. Med meg på turen fekk eg svoger Øyvind, som er oppvaksen i Os, som kjentmann.
Me gjekk frå Hausdalen, og parkerte ved enden på vegen på p-plass for turgåere. Først gjekk det slakt oppover i ca 4 km på grusveg. Deretter bratt oppover fjellet på sti som er merka med små steinvarder. Ganske greitt å gå, men bratt nok.
På toppen fekk ein fantastisk utsikt i alle retningar. Folgefonna, Hardangerjøkulen, Lønahorgji, Tysnes, Stord og fjella i Rosendal var noko av det me kunne sjå. Mot nord såg me og rett på Redningshytta på Gullfjellet.
Nydelig tur i fantastisk flott haustver, og absolutt ein tur å anbefale. Den er og omtala i Opptur Hordaland, men då frå Øvredalen.
Takk for flott tur Øyvind.
13,4 km.
No Comments