Å kasta seg ut i nye utfordingar

Å kasta seg ut i nye utfordingar

IMG_6308

I haust har eg prøvd noko heilt nytt, nemleg frivilleg arbeid i Røde Kors . Det var ikkje ei impulshandling å melde seg som frivilleg, og heller ikkje tilfeldig at det vart akuratt Røde Kors eg valde å jobbe for. Eg har lenge tenkt at å jobbe frvilleg hadde vore ein fin ting for meg å gjere, men tida har rett og slett ikkje strukke til. Som sjølvstendig næringsdrivande vert jobben ein livvstil, og å vera så heldig å ha tre barn har også gitt lite tid til slike ting. No er barna vaksne og klarar seg godt, og bedrifta mi har eg seld, og dermed var dette tidspunktet riktig for meg. At det rette tidpunktet for meg kom samtidig med den store flyktningstraumen til Europa, gjorde jo også sitt til at det vart handling og ikkje berre ein tanke.

Eg melde med som frivillig til Nordhordland Røde Kors, då Røde Kors er ein organisasjon eg lenge har støtta, og som har verdiar eg kan stå inne for. Og vips… så sat eg som prosjektleiar for » Røde Kors Ut på Tur i Nordhordland». Kjempe spennande, og litt skummelt må eg innrømma.

» Ut på Tur i Nordhordland» er ein heilt ny aktivitet, og eg fekk vere med å utforme mandat og delta på møter med samarbeidspartar heilt i frå starten, og på den måten fekk eg vere med å utforme sjølve prosjektet. Dette gjer sjølvsagt noko med viljen til å prestera og gjere den beste jobben ein berre kan. Og at eg for tida er arbeidssøkjande og har mykje tid og gje,  gjer at eg kan eg bruke mykje tid på dette. Rett timing for både meg og prosjektet rett og slett.

IMG_5785

I tida som har gått sidan eg vart prosjektleiar har eg blitt kjend med mykje flotte folk. Dei som er med i prosjektgruppa er ivrige, dyktige og ressurssterke mennesker, og me er frå 20-60 år, og to kvinner og to menn. Kjekk gjeng å samarbeida med. Me har fått mange nye  kontaktpersonar rundt om i kommunane, og det er alltid » kjekt å ha».

Men dei to tinga som er best med heile prosjektet er at me har fått til eit godt samarbeid mellom Nordhordland Turlag og Nordhordland Røde Kors, og dermed får me mange kunnskapsrike og engasjerte menneske å samarbeida med. Mange av dei frivillige turvennene våre er og aktive medlemmar i sine lag.

Og til slutt, og ikkje minst, så møter me så mange flotte, blide og ivrige innvandrarar frå ulike land. Dei er ivrige etter å lære det norske språket og den norske kulturen, og dei er opne og imøtekomande. Me nordmenn lærer mykje nytt om deira kultur og ulikskap frå land til land, men og at me eigentlege er ganske så like som menneske. Mykje latter og humor på turane våre, samtidig som me får små drypp av alvoret som ligg bak reisa, for mange av dei, til Norge.

Eg er takknemlig for at eg fekk denne tilitten, og glad for at eg våga. Kanskje du og skulle bli frivilleg turvenn, og bli med oss på tur? Eg oppfordrar i allefall alle som kan til å melde seg som frivillig. Det er alltid behov for nokon som kan gje av litt av tida si til andre, og husk ein kjem langt med eit smil.

IMG_6224

No Comments

Post a Comment