Førstehjelpskurs, for oss som er mykje på tur

Førstehjelpskurs, for oss som er mykje på tur

16.-17. januar, 2016

IMG_9321

I helga, 16. og 17. januar, var det førstehjelpskurs på programmet for meg og 13 andre glade turgåarar. Det var Nordhordland Turlag som sto som arrangør, og det var Nordhordland Røde Kors som hadde opplegg og instuktør i eigne lokaler i Isdalstø. Kurset var eit utvida grunnkurs i førstehjelp, 12 timar, der medlemmar ( og andre) i turlaget var invitert til å delta.

Alle som deltok på kurset verka å vera erfarne turgåarar, og mange var turleiarar i DNT eller skulle på kurs for å bli det.

IMG_9178 IMG_9173 IMG_9174

Lørdagen hadde vi 7 timar med teori, og øvingar i hjerte/lunge redning. Og søndag hadde vi 1,5 time med teori, der vi mellom anna lærte korleis vi kan avgrensa hevingar ved overtråkk/brudd, slik at ein raskare kan få tatt naudsynt røntgen. Etter økta med teori på søndagen, reiste me opp til Brekkeløypa i Knarvik, der me hadde 3 timar med praktiske øvingar ute i terrenget.

Før me avslutta økta med teori, fekke alle trekkja kvar sin lapp med ei oppgåve ein skulle agere ute i terrenget. Dette var min lapp:

IMG_9320

Passa meg midt i blinken, så slapp eg å dramatisere så mykje. Å spele bevisstlaus var ganske enkelt,men når dei snakka over hovudet på meg om at «helikopteret, nei sjøflyet,» snart var på vei, då klarte eg ikkje halda latteren tilbake. » Jippi, ho vakna igjen», og så var den øvinga var over.

IMG_9183

Dei praktiske øvingane var lærerike, og med mange leiarar samla på ein stad skulle ein tru det var lett å få folk til å stiga fram og ta ansvar når » ulukka var ute». Men ironisk nok, verka det heller litt motsatt, og dei fleste venta på at ein annan leiar skulle ta komando. Men det gjekk no greitt då, og alle » overlevde» øvingane.

DCIM100GOPROG0279277.

Takk for eit lærerikt og nyttig kurs til Nordhordland Turlag og Nordhordland Røde Kors, og takk for ei kjekk helg til dei andre kursdeltakarane. Eg håpar eg aldri får bruk for denne kunnskapen.

No Comments

Post a Comment