Nordhordland Turlag, mitt turlag

IMG_9324

Etter å berre ha tenkt på det i mange år, melde eg meg endeleg inn i Nordhordland Turlag på våren i 2015. Eg har delteke på turar dei har arrangert fleire gonger utan å ha vore medlem, det går heilt fint det. Men kjekkare å vera medlem tenkjer eg,og så vil eg og få alle medlemsfordelane det er å vera DNT medlem. Kanskje eg og kjem meg på nye turstiar eg elles ikkje ville ha gått. Og eg treffe nok mange andre med same interessa som meg sjølv. Turlaget har mange ulike aktivitetar på programmet sitt kvart år, og dei har noko for både barn og vaksne. Dei har søndagsturar, onsdagsturar, turar over fleire dagar og padleturar. Dei driv DNT X-ung, DNT ung og Barnas turlag. Nordhordland Turlag har og driftsansvar for tre hytter i Stølsheimen: Varadalsbu, Skavalbu og Kalvedalshytta.

Du kan lesa meir om Nordhordland turlag her: www.turistforeningen.no/nordhordland

..og du finn dei på facebook.

IMG_9322

I år tenkjer eg å delta på nokre av turane dei har i det flotte turprogrammet sitt, når det høver slik i planane mine. Eg har og gått med tankar om å ta turleiarkursa som DNT arrangerer,men om det vert i år veit eg ikkje.

Det har vore kjekt å stifta nærare bekjentskap med turlaget gjennom samarbeidet med Nordhordland Røde Kors og Ut på Tur prosjektet. Veldig bra at to slike flotte organisasjonar kan samarbeide på tvers for å skapa positv merksemd om integreringsarbeidet her i Nordhordland.

No Comments

Post a Comment