20. juli, 2015
For ein fantastisk flott topptur me fekk oss i dag. Heilt til toppen på Storronden, 2138 moh.
Me sykla frå Mysuseter rett etter frokost og opp til Spranget. Vidare innover til Rondvassbu der me la syklane i frå oss og bytta til fjellsko. Ca 10 km på sykkel frå ca 900 moh til 1100 moh.
Og så gjekk det på opp, og på opp, og vidare på opp. I stein og ur. I sol, regn, sludd, snø og skodda i synsfeltet. Bratt og langt var det. Brukte vel 3 timar opp, og eg fekk utfordra både høgdeskrekk og skoddefobi.
Fantastisk å stå på toppen og tenkja at for eit år sidan klarte eg så vidt å komma meg over stovegolvet heime. For ein forskjell 🙂
Utsikt mot Rondslottet, det høgste fjellet i Rondane.
Så starta den like bratte nedturen. Tar på beina den, men me kom oss trygt ned. Var og innom Rondvassbu og tok oss ein kaffi og is, før me fann syklane og returnerte til basecampen vår.
DNT hytta Rondvassbu, og utsikt mot Storronden.
Tilbaketuren til Mysuseter.
Godt trøtte og veldig fornøgde etter ein fenomenal topptur og 29,8 km på sykkel og til fots.
No Comments