Runderabben, Modalen

Runderabben, Modalen

17.oktober, 2015

IMG_8024

Det flotte haustveret me har no må berre utnyttast best mulig, og dermed vart det ein ny kommunetopp på meg i dag. Runderabben, 1292 moh, i Modalen kommune fekk besøk av meg og Kjell-Bjarne.

Me kjørte inn i Modalen og opp forbi Stølsdammen. Svingete og smal anleggsvei i eit mektig flott landskap i det sola kom opp på morgonen. Me kjørte nesten til endes på vegen i Åsebotn. Herifrå gjekk me på T-merka løype mot Norddalen. Me gjekk på austsida av Åsebotnvatna, før me etter vatna gjekk opp mot Runderabben. Siste del av turen var ikkje merka, men me fann no fram med å bruka kartet.

Ein del snø på turen, men den var hard og fin og gå på. Sidan me starta tidleg på formiddag låg delar av løypa undersolt til, og det var litt glatt å gå med is på steinane. Me brukte nok derfor litt lenger tid opp til toppen en turbeskrivelsen sa. 3,5 t opp, og 5,5 timar på heile turen, innkludert ein god pause på toppen.

IMG_8028 IMG_8033

IMG_8036 IMG_8039

IMG_8041 IMG_8044

IMG_8047 IMG_8049

IMG_8051

Utsikta var heilt fantastisk, og me såg både Jostedalsbreen, Hardangerjøkulen og Folgefonna. Vindstille og sol frå blå himmel heile turen. Magisk haustver 🙂

IMG_8053 IMG_8058

IMG_8064 IMG_8065

IMG_8066

På toppen traff me og på tre andre kjekke turgåarar som samla på kommunetoppar. Og me var enige om at å samle toppar var ein flott hobby 🙂

IMG_8068 IMG_8070

IMG_8072

Nok ein nydelig topptur er over, og me gler oss til neste.

Turen er omtala i Opptur Hordaland, 27-01.

11,8 km.

No Comments

Post a Comment