Høgafjellet, Osterøy

Høgafjellet, Osterøy

6. september, 2015

 

Gler meg alltid når nye kommunetoppar er turmål, og i dag var intet unntak. Må litt planlegging til når ein skal jakta kommunetoppar, og derfor vert det ikkje så ofte som eg kunne ynskt. Veret må vera bra, då dei fleste toppane eg har att eg høgfjell ( dei små kan eg ta sjølv om det er vinter ), det må kjørast eit stykke for å koma fram, og eg vil ikkje gå aleine på høge, ukjende fjell. Men i dag var det altså høgaste fjellet i Osterøy som sto for tur, Høgafjellet, 868 moh., og Kjell-Bjarne var med.

Me brukte Turkart for Osterøy og Opptur Hordaland tur 25-01, som utgangspunt for turen vår.

Starta ved P- plass på Gangstø ved Vare, på øvre vegen mot Fotlandsvåg. Gjekk så langs vatnet og inn til Eidet. Dårleg sti som hadde fått hard medfart i vinter, men greitt merka med gule merker. Ved stidele ved Eidet valte me å gå opp over Fullberget. Dette var eit dårleg val. Dårleg sti med sleipe berg i bratt terreng, som endte med at eg datt så lang eg var. Fekk ei lett forstuing i tommelen og eit blått kne. Men kom oss no over og ned på Bernessetrane. Litt mat i kroppen gjorde godt her.

Herifrå og opp var stien mykje betre, framleis godt merka med gule merker og steinvardar, og gjekk over mykje tørre berg.

Etter 3,5 time nådde me toppen, med flott utsyn over Osterfjorden, Vaksdal og områda rundt Osterøy. Kjekt å sjå Osterøyna frå toppen, og no har eg vore på toppen av 11 av 33 kommmunetoppar i Hordaland 🙂

Her tok me oss ein halvtimes rast og nytte utsikta, før me starta på returen. Me gjekk ned til Bernessetrane igjen, og tok så alternativ rute ned til Storavatnet igjen. Denne var og merka og gjekk ned Grylsåna. Veldig bratt ned i skaret der elva rann, men var greitt tilrettelagt med tau og stigar. Så betre enn oppturen i allefall.

Kom inn på den stien me starta på ved Eidet, og etter 7,5 time var me tilbake ved bilen.

Dette er nok ikkje av dei turane me trur me kjem til å gå oppatt, me me er godt fornøyd med å ha gjennomført. Kanskje ein tur til Høgafjellet frå Tyssebotn er eit betre alternativ?

15,6 km.

IMG_7392 IMG_7394 IMG_7395 IMG_7396 IMG_7398 IMG_7400 IMG_7401 IMG_7403 IMG_7417 IMG_7418 IMG_7407

No Comments

Post a Comment