31. desember, 2015
Tur nr 365 i 2015 🙂 Tenk eg har gått på tur kvar einaste dag i 2015!!!! Veldig godt fornøyd med eigen innsats.
I dag gjekk eg og Wenche til Vardetangen, Norges vestlegaste fastlandspunkt, for å markere dette. Og snille Wenche hadde med både flagg, champagneglas og sprudlevatn 🙂 Snakk om god venninne <3
Vind og regn, men det gjorde ingenting i dag.
Sjølve Vardetangen var berre ein km frå parkeringa ved snøggbåtkaien, på sti gjennom blaut myr og lynghei. Så etter at bildene var tatt og markeringa gjennomført gjekk me vidare langs sjøen til Årevikane. Dette er eit flott friluftsområde som Austrheim kommune nettopp har fått ein flott pris for.
Me gjekk på veg tilbake til bilane frå Årevikane og fekk dermed ein fin rundtur i dag. Tuuuusen takk Wenche for super tur på årets siste dag.
5,6 km
ps: Det kjem eit lite tilbakeblikk på året som har gått, og litt om tur og bloggplanar for året som kjem, i morgon.
Godt nyttår til alle 🙂
No Comments