Gaustadfjellet, Meland

Gaustadfjellet, Meland

15.mars, 2016.

Ny tur på Meland i dag, framleis i strålande sol og med Gaustadfjellet som turmål. Her hadde eg aldri vore før, men turen fann eg omtala i » Opptur Hordaland» ( 30-03), så eg brukte den for å finna fram. Start for turen låg på Gaustad på vegen mot Ådland.

IMG_9873 IMG_9876 IMG_9877 IMG_9878 IMG_9880

Turen starta bratt oppetter på skogsveg i eit plantefelt, og ein fekk raskt utsikt mellom bjørkene når granskogen var slutt. Vidare på sti, oppover og litt kupert nordover mot den endelege fjelltoppen. Det er og mange små vardar på stien mot toppen. på 317 moh.

IMG_9881

IMG_9882

IMG_9883

IMG_9886

På toppen fekk eg ei fantastisk utisikt i alle himmelretningar, og inne i Bergen låg skodda framleis tjukk når klokka passerte 12. Også i dag fekk eg sjå hurtigruta på veg sørover, då den i dag tok inn Radfjorden og gjennom Bognøystraumen.

IMG_9889

IMG_9891 IMG_9894 IMG_9896 IMG_9912

IMG_9907

IMG_9911

 IMG_9910

IMG_9917

Nok ein flott tur på Meland i dag, og ein ny tur å anbefala. 4,3 km.

No Comments

Post a Comment