Brakstadfjellet, Meland

Brakstadfjellet, Meland

16. mars, 2016.

IMG_9923

Ny turdag på Meland, og i dag sto Brakstadfjellet for tur. Eg brukte » Opptur Hordaland» sin beskrivelse av tur 30-02 for å finna fram. Parkerte på Vollo ved det eg trur er den gamle Vestbygd barnehage, der det står eit oppslag om turløypa og skilt som viser retningen oppver vegen mot Myrtveit.

IMG_9924 IMG_9925 IMG_9926 IMG_9927

IMG_9931

Første del av turen gjekk på gruseveg, ganske bratt over forbi eit vanntårn. Der vegen var på sitt høgaste gjekk stien mot Brakstadfjellet til venstre. Litt bratt oppver mot toppen, men likevel greitt å gå i god sti. At det er litt gjørmete no på våren, det kjem ein ikkje utanom.

IMG_9933 IMG_9934

IMG_9936 IMG_9937 IMG_9938

Oppe på toppen av Brakstadfjellet, 318 moh., står ein stor instalasjon, som nede fra bygda ser ut som ein helikopterplattform. Det er Luftfartsverket sin og den har ein funksjon for inflygninga til Flesland. På nært hald ser den ut som eit stort edderkoppnett med lys på toppen 🙂

IMG_9941 IMG_9946

IMG_9957

 

Utsikta her oppifrå var like flott som frå Gaustadfjellet i går, men her ser ein meir av vestsida av Holsnøy og Askøy og Herdla. Nydeleg vêr også i dag, så eg nytte ein heil time på toppen i fred og ro. Skikkelig deilig når sola varmar litt, og det er heilt vidstille. Ein slik time på toppen av eit fjell burde alle unna seg.

IMG_9948

IMG_9950 IMG_9953

IMG_9954

IMG_9956

Tilbake same vei som eg kom opp. 4,6 km.

No Comments

Post a Comment