Eikelandsvatnet rundt, Meland

Eikelandsvatnet rundt, Meland

8. april, 2015.

Første tur i serien med onsdagsturar til Nordhordland Turlag, og den gjekk rundt Eikelandsvatnet i Meland.

Eg deltok saman med pappen, og 47 andre turglade personar. Veret var me og ganske heldige med. Litt sol og lettskya, ein fin vårkveld.

IMG_4755

IMG_4759 IMG_4760 IMG_4763

IMG_4764 IMG_4765

IMG_4768 IMG_4770

IMG_4771

Turen starta ved Leirdalen barnehage på Eikeland i Meland kommune. Me gjekk først opp på ein liten topp som heiter Kjerringa ( lokalt kalt for Kåno), og deretter ned på Mannen. Vidare på veg, asfalt og deretter grus, forbi eit hyttefelt ig inn i skogen igjen på sti. Kryssa golfbana, og inn på sti igjen. Då var me komen til endes på Eikelandsvatnet, og resten av turen på det eg trur var austsida av vatnet, var ganske så kupert. Opp og ned, opp og ned igjen.

Utsikta på haugane var flott. Me såg over Eikelandsvatnet og ut til Herdla og Askøy.

Turen tok oss 2 t og 15 min, og var på 6 km.

Takk for flott tur til turleiar Anne Lise og medhjelpar Birger, og til pappen som vart med meg.

Også denne turen er omtala i » Opptur Hordaland» ( 30-04 )

No Comments

Post a Comment