Veten, kommunetopp i Sund

Veten, kommunetopp i Sund

 

10. april, 2016.

Endeleg fekk eg ein ny kommunetopp i samlinga mi, og det var Veten, 284 moh., i Sund kommune på Sotra. Eg og Kjell- Bjarne parkerte ved Stranda skule på Steinsland i Sund. Her var p-plass og løypestart til Nordsjøløypa som går mellom anna til Veten.

IMG_0321 IMG_0322

IMG_0323 IMG_0324

IMG_0326 IMG_0327 IMG_0328

Løypa mot Storevarden vert kalla  » Ord i spreke spor» og er ei løype for kropp og sjel. Her finn ei ein stor gitar, bilete og tekstar av Johannes Kleppevik. Løypa til Veten føl denne løypa om lag halvegs før den deler seg.

Turen er litt opp og litt ned innover marka før ein går bratt oppover eit skar og langs kanten på fjellet mot toppen.

IMG_0360 IMG_0357

IMG_0344 IMG_0333

IMG_0354

På toppen fekk me fantastisk flott utsikt i alle retningar, og eg såg kommunetoppar eg hadde vore på i det fjerne. Sol frå blå himmel og så og sei vindstille gjorde og sitt til at turen vart ei flott oppleving, og me nytte nista vår på toppen medan me nytte utsikta.

Kikkert, varde, kart og ei stor jernplate med navn på plassar me kunne sjå var noko av det som venta oss på toppen.

IMG_0336 IMG_0356

IMG_0334 IMG_0358

Etter ein lang rast tok me samme vegen tilbake til bilen, og så var kommunetopp 14 av 33 i Hordaland i boks.

4,6 km.

No Comments

Post a Comment