Hardangerjøkulen, høgaste toppen i Hordaland :)

Hardangerjøkulen, høgaste toppen i Hordaland :)

17. mai, 2016.

Endeleg! Denne turen har eg hatt lyst til å gå lenge, og no var alt klart. Kjell-Bjarne, Therese,pappa og eg tok toget frå Arna Stasjon kl. 08.00 om morgonen på sjølvaste 17. mai. Ski og sekk med norske flagg var pakka og klart, og me var ikkje dei einaste på toget som hadde Finse og Hardangejøkulen som mål denne dagen. Vêret var litt grått og småregn i lufta, men me håpa det beste med Vërmeldingar som hadde variert mykje dei siste dagane.

IMG_0554 IMG_0558

Vel framme på Finse stasjon møtte me endå fleire i same ærend, og me gjorde oss klare for skitur. Sola var og på veg fram, og med blide og glade menneske rundt oss på alla kantar tegna dette til å bli ei flott feiring av nasjonaldagen.

IMG_0562 IMG_0564 IMG_0565 IMG_0567

Turen gjekk slakt opp og innover i nydeleg terreng, og så opp til Appelsinhytta. Fleire gjekk på ski bunad og det var litt av eit syn.Norske flagg over alt, ei veldig spesiell oppleving.

IMG_0570 IMG_0573

IMG_0574 IMG_0576

Me fortsatt oppver og tok ein liten rast før me starta på dei brattaste partia.

IMG_0579

Mot toppen var det ganske bratt og snøen vart hardare og hardare. Eg valde å la skia stå igjen, og gjekk til fots det siste stykket mot Jøkulhytta, og eg var ikkje aleine om det. Lett og fint og gå på skoa, og eg skulle jo ned igjen og 🙂

IMG_0584 IMG_0588

IMG_0590

Vel framme med Jøkulhytta skein sola frå blå himmel. Me oppdaga og då at det siste stykket mot sjølve toppen var ganske slakk og fin og gå, så angra litt på at skia sto ogjen då. Men det gjekk jo heilt fint.

På toppen av Hardangerjøkulen, 1863 moh. hadde me nådd den høgaste toppen i Hordaland Fylke. Og ikkje nok med det; det er kommunetopp både i Eidfjord og Ulvik og, så her vart det «tre floger i ein smekk».

IMG_0600 IMG_0603 (1) IMG_0609

Mange valde å gå ein rundtur i det flotte vêret og fekk ein lettare trase ned igjen, men på grunn av skia mine ( og pappa sine) gjekk me same vei ned igjen. Når me nærma oss Jøkulhytta igjen såg me at 30-40 personer gjekk i 17. mai tog rundt den, vifta med flagg og sang. Me kom ned når dei hadde stoppa opp utanfor hytta og sang » Ja, vi elsker». Snakk om nasjonalromantisk augeblikk. Tårene var i augekroken då ja, medan me tok inn utsikta og alt rundt oss. Ei stor oppleving.

IMG_0629

Turen ned til Finse igjen gjekk greitt, og eg gjekk for det meste til fots med skia på skuldra. Underlaget var knallhardt og det var vanskeleg å styra. Så det tok litt tid, men det me hadde goood tid til toget gjekk heim.

IMG_0633 IMG_0635

Ved Finse var det musikk og underhaldning, før vi tok turen bort på Finsehytta. Der kosa me oss med 17. mai buffet, og slappa av før me gjekk bort på stasjonen og tok toget heim.Når me reiste frå Finse var skodda komt og det var sludd i lufta. Snakk om å vera heldige.

IMG_0636 IMG_0637 IMG_0640

For ein flott nasjonaldag, og for ei oppleving. Absolutt å anbefala for alle!

 

No Comments

Post a Comment