Lenge sidan sist!

Det har vore lenge stille her på bloggen no, desverre. Men det er ikkje alltid dagane går slik ein kunne ynskja, og det har vore mykje anna enn turar som har tatt tida mi. Motivasjonen har heller ikkje vore på topp, sjølv om det er når det buttar litt imot at det er viktigast å komma seg ut på tur. Det veit eg betre enn dei fleste, av erfaring. Og eg kjem ikkje til å fortsetje å leggje ut kvar einaste liten tur eg går, men dei eg tenkjer kan vera av interesse for andre. Kategorien med » Turar denne veka» kjem eg ikkje til å fylgja opp framover.

IMG_0695

Men istaden for å tenkje på det som kunne ha vore, så håpar eg at sommaren vert flott og at eg får mange fine turar og naturopplevingar i månadane som kjem. Planar er lagt, og eg gler meg.

IMG_0828

Men først skal eg leggja ut nokre av dei finaste turane eg har hatt no i vår, slik at de får sjå og dela litt av opplevingane med meg. Den turen som gav den største natuopplevinga var nok toppturen på 17. mai til toppen av Hardangerjøkulen. Og den turen som gav den beste sosial opplevinga var helgetur til Jotunheimen for å delta i Røde Kors sitt arrangemnet » Til Topps». Ein heilt fantastisk oppleving.

IMG_0316

Håpar at du som les og får ein flott sommar med mange fine og spanande turar.

Lillian

No Comments

Post a Comment