17.april, 2016
I fint vårvêr gjekk eg og Kjell-Bjarne frå busshaldeplassen på Tveitegrend, og opp på Dyråsen i den nymerka løypa til Kløvheim Bygdelag. Stien går via garden Opptun på Tveito og gjennom utmarka og plantefelt opp på Dyråsen. Vidare er det litt provisorisk merka ei løype nordover og ned til Vik, men denne er ikkje rydda enno. Me gjekk denne og leita oss fram i skogen frå merke til merke. Vel nede på Vik gjekk me skogsveien innover til Tveitavatnet og Grov, og attende opp til Tveitegrend der bilen vår sto. Ein fin rundtur, som nok vert betre å gå når det er rydda og merking skikkeleg er på plass mellom Dyråsen og Vik.
9 km.
No Comments