» Til Topps «, 2016

» Til Topps «, 2016

3.-5. juni, 2016

IMG_0757

Då var tida endeleg kome for » Røde Kors Ut på Tur i Nordhordland» sin tur til Lom, og deltaking i » Til Topps». Og 50 spente menneske, 2 til 70 år,  frå Norge, Eritrea, Afghanistan, Etiopia, Somalia, Thailand, Syria, Marokko og Litauen møtte opp i Knarvik tidleg fredag morgon.

Eg har vore så heldig å fått vore prosjektleiar for » Ut på Tur i Nordhordland» på vegne av Nordhordland Røde Kors, og å vera resieleiar for så mange flotte, blide og fantastiske menneske vart ei stor oppleving. Saman med meg i prosjektgruppa har eg hatt Audun Håland, frå Nordhordland Røde Kors, som er ein utruleg aktiv, engasjert og omsorgsfull mann. Han er mellom anna leiar i Nordhorldnad padleklubb og levande opptatt av integrering på mange plan. Ein ressursperson av dimensjonar som det er eit priveleie å få arbeida saman med. Hans Olav Ånensen og Janne Ånensen som representerar Nordhordland Turlag har og vore fantastisk kjekt å samarbeida med. Alltid klare til å bidra, og dei har lagt ned mykje ressursar i dette prosjektet.

Elles så har Arve Skjelanger frå Radøy bidratt som gruppeleiar på Manger, og han har lagt ned mange timar i dette arbeidet i vinter. Han har den største enkeltgruppa vår, og er ein uvurderleg ressurs for » Ut på Tur». Veldig engasjert og kunnskapsrik. Bente Semmingsen Fivesdal har vore turleiar på Austrheim, og Anne Christensen på Meland og begge damene bidrar med stor entusiasme og godt humør. Veldig glad for å ha dei med på laget.Det er og mange fleire har bidratt til at me no kunne reise avgårde til Lom, og dei får og ein stor takk frå meg.

Fredag morgon reiste me altså frå Knarvik. Sola skein frå blå himmel, og eg for rundt og delte ut t-skjorter med logoen vår på, registrerte at alle hadde møtt opp og fekk alle på bussane. Med masse god hjelp, selvfølgelig. Avisene var og på plass, både Strilen og Nordhordland, så eg måtte smile i både øst og veste. Ikkje det eg likar best, men alt for ei god sak 🙂 Og Odd Harald Dommersnes, initiativtakar i Nordhordland Røde Kors var og til stades for å sjå oss vel avgarde.

Eg må og hugse å nevne at Mottaket for Mindreårige Asylsøkjarar i Lindås var og med oss på turen, med 4 vaksne og ti flotte ungdommar på 15-16 år. Det var veldig kjekt at Hordaland Røde Kors klarte å få det til i site liten, og dei fekk ei stor oppleving saman med oss.

Bussane våre kom, med fleire deltakarar frå Os, Sund og Fjell og me kom oss avgarde. Eg, Anne og Kramon køyrde privatbil oppover, men hadde kontakt med dei andre på heile turen, og me rasta saman på Voss, i Sogndal og på Sognefjellet. » Jentene mine» frå Eritrea sytte godt for meg, og eg fekk deilig, heimelaga Eritreisk mat både på Voss og i Sogndal. Omsorgsfulle, gjestfrie og gode nye vener eg har fått i vinter.

IMG_0714 IMG_0716

IMG_0719

IMG_0725 IMG_0726

IMG_0735 IMG_0740

 

Når me kom til Lom deltok me først på Kulturfest. Her var det god mat, konsert og leik og moro. Alle såg ut til å trivast, og mange traff igjen vener dei hadde vore på mottak saman med, frå andre kanter av landet.

IMG_0745 IMG_0754

 

Seint på kveld sjekka me inn på Spiterstulen Turisthytte som var basen vår denne helga. Her budde me til saman ca 200 stk. frå Hordaland, og etter pakking av tursekkar og informasjonsmøte bar det rett i seng.

Laurdagen kom, like flott som dagen før, og det var klart for turane me hadde gleda oss til så lenge. 32 gjekk frå Spiterstulen til toppen av Galdhøpiggen, 2469 moh, og alle fullførte. 8 gjekk på bretur til Svellnosbreen, og hadde ein fantastisk tur i » Eventyrisen». Alle fullførte her og. Og eg og Anne hadde 10 personer med oss på familieaktiviteter i Lom. Ein fantastisk dag for alle saman, ikkje minst dei som var i høgfjellet.

Svellnosbreen HO 5 Svellnosbreen HO 4

Svellnosbreen HO 3 Svellnosbreen, HO 1

Svellnosbreen HO 2 Svellnosbreen BSF 3

Svellnosbreen BSF 2 Svellnosbreen BSF 1 Svellnosbreen 6

Svellnosbreen HO 7 Galdhøp JÅ 6 Galdhøp JÅ 5 Galdhøp JÅ 4

Svellnosbreen 8

Galdhøp JÅ 3 Galdhøp JÅ 2

Galdhøp AS 1 Galdghøp AS 2

IMG_0772 IMG_0779

Om kvelden fekk me flott middag på Spiterstulen, og etterpå rusla eg og fire barn 11-13 år innover dalen på ein kveldstur. Seinare på kvelden var det underhadning med Syrisk gitarspel og vakker sang. Dette brakte fram mange minner for dei Syriske me hadde med på tur, og vart ein heilt spesiell kveld for oss alle.

IMG_0790 IMG_0785

IMG_0800

Sola skein framleis frå blå himmel når me takka for oss og gjekk på bussen for å reise heimatt. Snakk om å vera maks heldige med rammene for turen vår. Tilbaketuren gjekk over Valdresflya og Filefjell, og stemninga på bussen var høg heile vegen heim. Frå Voss var eg og med på bussen, og fekk høyre allsang, klapping og jubel for den fine turen me hadde vore på. For nokre flotte menneske eg har hatt gleda av å bli kjent med i vinter, både norske og dei som er nye i Norge. Kjenner meg verkeleg priveligert som har fått deltatt på dette.

IMG_0811 IMG_0816

 

Så sjølv om ikkje eg var på toppen denne gangen, var turen dette ei av mine beste turopplevingar.  Og takk til Hans Olav, Janne, Arve og Bente for at eg har fått låne nokre bilda dykkar frå turen.

No Comments

Post a Comment