Ryvarden Fyr, Sveio

Ryvarden Fyr, Sveio

21. mars, 2016

Me kjørte til Mølstrevåg i Sveio og parkerte der på p-plass for turløypa til Ryvarden fyr. Turen utover gjekk på grusveg i lett kupert landskap, og skilt med dikt og flotte bilder sto langs heile vegen utover.

IMG_0020 IMG_0016 IMG_0014

Ute ved Ryvarden fyr fekk me flott utsikt utover sjøen mot Bømlo og Sletto.

IMG_0015 IMG_0017 IMG_0025 IMG_0027 IMG_0030 IMG_0034 IMG_0039 IMG_0046 IMG_0054 IMG_0056 IMG_0062 IMG_0072 IMG_0074

I 1999 gjekk hurtigbåten «Sleipner» på grunn ved Store Bloksen like utanfor Ryvarden, ei ulukke der 16 mennesker omkom. Like ved fyret står det eit minnesmerke over denne hendinga. Litt spesielt å sjå plassen og alle namna på dei omkomne, samstundes som eg hugsa hendinga den seine fredagskvelden i november 1999. Eg sat trygt heime i stova og såg på nyheitene, men det var ei ulukke som gav sterke inntrykk.

IMG_0075 IMG_0077 IMG_0078 IMG_0079

Vidare frå fyret gjekk nordsjøløypa  nordover langs kysten. Me følgde den eit stykke, men då det var i kveldinga me var her snudde me etter at sola gjekk mot horisonten, og turen vår vart på ca 6 km.

IMG_0083 IMG_0084 IMG_0085 IMG_0087 IMG_0090

No Comments

Post a Comment