Baståsen, Lindås

Baståsen, Lindås

14. august, 2016

Søndag i dag og ryktet seier at det ikkje skal regne like mykje som dei siste dagane. Så UT PÅ TUR med litt meir motivasjon. Baståsen sto på programmet, for å få eit klipp i EIL kortet vårt ( 10 fine turar).

IMG_1425

Me parkerte ved ungdomshuset på Fammestad, og løypa er merka med skilt på sørsida av hovudveg, midt mellom fabrikken og ungdomshuset. Løypa har fått ei oppjustering det siste året, med nye skilt og merker, og stien er nokre plassar lagt litt om for å sleppa dei verste partia.

IMG_1428

IMG_1432 IMG_1435

IMG_1433

Prakteksemplar av » Skogens gull».

Løypa passerer » den største furua i skogen» og ein kjem opp på åsen over gardane på Svindal. Vidare innover marka og flott furuskog til me kom i Batsåsen og fekk utsikt over Eikanger og Ostefjorden. Litt yr i lufta og skodde på toppane gjorde ikkje utsikta maksimal i dag, men fin likevel. I Baståsen finn ein bok og klippetang for både Eikanger IL og Myking Grendalag. Det går og sti vidare til Eikanger, og dei fleste besøk her kjem vel derifrå.

IMG_1436

IMG_1437

Aasgard på andre sida av fjorden, og Svindal nærast.

IMG_1438 IMG_1444

Ein liten pust i bakken, eple og litt nøtter, samt hyggeleg prat med andre turgåarar før knotten gjorde sitt til at me tok fatt på heimvegen. Fekk og kjekt selskap av Nils tilbake, og me gjekk via Trossavatnet/Eikeliskaret og Skråfossen tilbake til ungdomshuset der bilen sto ( merka turalternativ).

IMG_1446

Gapahuken i Baståsen

 IMG_1450

Utsikta frå Eikeliskaret med utsikt over Trossavatnet og fjorden.

IMG_1452 IMG_1454

Gammal bru over Lona.

7,8 km.

No Comments

Post a Comment