4. august, 2016.
På veninnebesøk i Austrheim føl det ofte med ein liten tur på nye stiar, og i dag tok eg og Wenche turen i Hoplandsmarka. Endeleg eit lite glimt av sol, og opplett vêr må jo og nytast så best me kan.
Turen starta frå Austrheimvegen,etter kyrkja og ikkje så langt frå Fosenstraumen, på vestsida av vegen. Tillaga p-plass og skilt med turinformajson og kart. Turen er og omtala i Opptur Hordaland ( 32-04); Hoplandskvernene og Fosenstraumen. Som venta var stien våt etter dagar og veker med regn, og kloppene bar preg av forfall og dårleg vedlikehald, men elles greitt å gå. Me gjekk via Langevatn og til Hoplandskvernene, restaurerte kvernhus ned ved sjøen. Flott og sjå, og interessant informasjon om plassen på tavler. Ein fin plass for ei utflukt til sjøkanten.
Etter å ha kikka litt rundt gjekk me stien vidare mot Fosenstraumen. Stien herifrå var lite brukt, og kunne trengt litt rydding av busker og kratt, men me fann no fram. Flott å gå langs sjøen innetter mot brua, med små gløtt av sol. Ein fin rundtur i Austrheim på 4 km. var gjennomført når me kom tilbake til bilen.
Sopp eller keramikkfigur…:)
Fosenstraumbrua
No Comments