Kommunetopper i Hordaland

Kommunetopper i Hordaland

IMG_7407

I 2014 starta eg å «samle» på kommunetoppar i Hordaland etter å ha lese ein reportasje i Bergens Tidene. Den handla om ein familie på 4, mor og far og 2 små barn, som hadde gått på alle dei høgaste fjella i kvar einaste kommune i Hordaland. Dette var god motivasjon for meg, og eg tenkte at kunne dei klare det med to små barn ( barnehagealder) så kunne vel eg klare det og. Det er godt å ha nokre » hårete» turmål som motivasjon for å komme seg ut. Eg må og utfordra meg sjølv mykje om eg skal klare dette, då det er ikkje alle fjell som er like tilgjengelige. Eg slit både med høgdeskrekk og likar slett ikkje tanken på å gå i tau på Folgefonna, men skal eg i mål må eg nok takle begge delar. Ja, ja, den som ventar får sjå. Kanskje eg fiksar det bedre enn eg trur. Eg har ikkje sett noko tidsperspektiv på » prosjektet » mitt, men vonar det ikkje skal ta så alt for lang tid. No etter 2 år har eg 16 av 33 toppar i boks, og eg er bra motivert for fleire.

Eg veit eg ikkje er aleine om å ha denne hobbyen, og eg har truffe nokre av dei på fjellet. Andre har eg lest om. Det fine med dette målet her at eg får sett meg om på heilt nye plassar og. Stader eg sannsynlegvis aldri ville kome til å gått om ikkje eg hadde komt på denne ideen.

10 kommunetoppar ligg på denne bloggen, men 6 av dei har eg ikkje fått flytta over frå » mine365turer.blogg.no». Der kan du lesa om:

Austrheim; Litlåsfjellet

Bergen; Gullfjelltoppen

Øygarden; Blomøyknuten

Fjell; Liatårnet

Bømlo; Siggjo

Stord; Mehammarsåto

Kanskje eg får flytta dei over til » lillianpåtur.no» seinare.

God tur til deg, om det er ein topptur eller ein rusletur i skogen.Kva motiverer deg for å komma deg ut på tur?

No Comments

Post a Comment