Ulriken, Bergen

Ulriken, Bergen

16. august, 2016

Sol i Bergen, og klar for ein tur på Ulriken. Men eg var ikkje den einaste som hadde tenkt den tanken i dag. Prøve å finna perkering ved Montana på Landås, der det er p-plass for turløypene til Ulriken. Bilane sto på kryss og tvers, så eg måtte ned nokre gater til Sollia for å finne ei luke å parkere i.

Starta i allefall turen min i løypa ved p-plassen og gjekk oppover. Valde å ikkje gå opp den brattaste og kortaste stien, men heller den som er litt lenger mot sør, og ikkje like krevjande i varmen. Og det trur eg var eit god val. Færre folk og eg kunne bruka den tida eg trengte.

IMG_1501 IMG_1502 IMG_1504

IMG_1506 IMG_1507 IMG_1508

IMG_1503

Det er mange stier og valgmuligheter på Ulriken, og det er godt skilta slik at ein finn fram. Eg kom fram på platået på Ulriken frå baksida, og fekk heile den flotte utiskta over sentrum av Bergen når eg kom fram mellom restuaranten kiosken, like ved Ulriksmasta. Her nytte eg utsikta og matpakka, før eg gjekk ned den bratte traseen på sørvest sida av masta. Ganske bratt og steinete, og mykje folk, men tek ein tida til hjelp så går det greitt.

IMG_1511 IMG_1513 IMG_1514 IMG_1541

IMG_1542 IMG_1544

IMG_1547 IMG_1549

IMG_1551 IMG_1552

IMG_1579 IMG_1555

IMG_1557 IMG_1558

IMG_1559 IMG_1560

I den bratta løypa opp mot Ulriken er dei no i gang med å byggja fine steintrapper, og eg høyrde dei arbeidde når eg var på veg nedover. Det er sherpaer frå Nepal som byggjer for hand, og eg traff på 4 stykker som arbeidde for fult nede i bakken. Det var blitt vedlig flott det som var ferdig, så her kjem det til å bli adskilleg lettare for oss å komma oss til toppen. For eit arbeid dei legg ned. Fantastisk. Me er heldige som berre kan gå å nyta det arbeidet dei legg ned for å skapa ei betre framtid for landsbyen sin heime i Nepal. Priveligerte er me.

IMG_1505

IMG_1561 IMG_1562 IMG_1564

IMG_1565

IMG_1569

IMG_1576 IMG_1578

Tilbake til ein overoppheta bil, og lett solbrent, hadde eg gått 6 km. i dag. Flott tur 🙂

 

 

No Comments

Post a Comment