I kajakk for første gang.

I kajakk for første gang.

17. august, 2016.

Endelig skulle eg prøva kajakkpadling for første gang. Gjennom arbeidet i Røde Kors har eg blitt kjent med Audun som er ein av dei aktive pådrivarane i Nordhordland Padleklubb, og han har invitert meg fleire ganger. Og i dag var den store dagen. Eg fekk med meg Kranda og Anne som eg og har blitt kjent med gjennom » Ut på Tur» prosjektet, og saman med ein person til skulle me få ein introduksjon i kajakkpadling.

IMG_1581

Nordhordland Padleklubb har klubbhus og naust på Flatøy, og me møtte opp ein time før «lågterskelpadling» som er eit tilbod dei har kvar onsdag. Her vart me oppdressa etter alle kunstens reglar, og vips så sto me der med litt lett     » klaus» inni ei tørrdrakt, og med flytevest på.

IMG_1582

Å komma seg ned i kajakken var neste steg, men med Audun som stødig instruktør gjekk det fint. Overraska over kor lite bevegelsar som skulle til før eg trudde kajakken skulle velte. Heilt anna oppleving enn kano, som eg har padla ein del i tidlegare. Men, men…fann roen uti der på eit vis.

IMG_1592

Me padla mot Håøy og fekk instruksjon og korrigering etterkvart. Audun er ein god luring, så når han sa han såg sel i sjøen, vart alle musestille og speida der han peika. Etter ei lita stund såg me selen, oppe på Kobbeskjæret. Ein uskjært figur på land som vinka til oss med luffene 🙂

IMG_1591 IMG_1593

Når me låg i » flåte» klarte han å overtala Kranda til å reise seg opp i kajakken. Tøffing!

Etter ein vel ein time i kajakken hadde ryggen og låra mine fått nok. Ny og uvant måte å ta seg fram på, men veldig kjekt. Me hadde tilbod om å vera med på padling to timar til, saman med dei som kom for å delta på lågtersketilbodet, men eg og Kranda takka nei. Dei andre fortsette og skulle mellom anna prøva kameratredning inne ved Håøy.

IMG_1589

Me vinka dei avgarde frå kaien, og fekk av oss alt ustyret. Ei veldig kjekk oppleving, så kajakken kjem me nok til å prøva igjen, begge to 🙂

 

No Comments

Post a Comment