20.august, 2016
Flott solskinn og fin temperatur i dag, og det freista med ein sykkeltur etter gammalt. Fekk sykkelen bak på bilen og køyrde ut til Austrheim. Wenche var ikkje så vanskeleg å be med seg på tur ut til Krossøy, så eg plukka ho opp i Mastrevik, og me starta sykkelturen ved Austrheim kyrkje/Joker butikken. I første rundkjøring tok me vegen mot Fedje, og etter ca 6 km tok me av mot Krossøy. Det skya til etterkvart, men det var likevel heilt nydeleg og vindstille å sykla utover i det flott kyst landskapet.
Landskapet var nesten farga lilla av all den flotte lyngen som blomstra, og biene summa heftig i bikubene me såg langs vegen.
Vel ute på Krossøy perkerte me syklane på snuplassen. Det viste seg at det var mykje folk her ute i dag i samband med Kystsogevekene, og at det var omvisning i kulturlandskapet, potetkjellaren, fjøset, smia og den gamle havna. Wenche hadde deltatt på dette åreleg arrnagementet tidlegare, og skrytte uhemma av engasjementet og historiefortellinga frå gamle tider til fiskabonden. Veldig flott restaureringsarbeid dei har utført her ute. Likevel valde me i dag og gå turen ut i Gavelen utan å delta på noko omvisning.
Potetkjellaren
Fjøset og smia
Etter å ha gått på grusveg mellom husa og så gjennom flott kultulandskap der villsauene beitar, kjem ein ut mot sjøen i meir ope landskap. Det går ein fin sti utover heilt til Gavelen, som er det ytterste punktet på Krossøy mot innseglinga til Fensfjorden.
Her ute kan kontrastane vera store. Frå mykje vind og stor bøljer som slå innover berga, nydelege solnedganger og som i dag vinstille og magisk lys.
Etter ein liten rast, tok me beina fatt og rusla innover igjen. Mykje flotte motiv å ta av, så det var mange små stopp på turen i dag. Men viktig å nyta turen og, ikkje berra hasta av stad.
Inne igjen ved snuplassen tok me turen opp på Storhaugen, der ein i klarvêr kan sjå 15-16 kommunar. Flott tillaga med varde og kart på toppen.
Me var og ein liten tur ned i Middagsvikje, før me sykla innover og fekk dei førte regndropane på oss. På veg over brua ser ein ned i den gamle havna, der er eit flott restaurert naustmiljø.
Innover i regnet, men likevel med auga for dei små detaljane. Oppdaga ein blome eg ikkje kunne huska å ha sett før, og då måtte eg jo ta bilde av den og. Liten og puslete der på vedkanten under autovernet, men nydeleg på nært hald.
Og med en takkar eg for turen.
26 km. vart det tilsaman med sykling og turen ut i Gavelen. Ein nydeleg tur i godt selskap.
No Comments