10. august, 2016
Eg er ikkje den flittegaste bærplukkaren i skogen, men etter å ha traska forbi flotte tyttebær i regnvêr måtte eg berre ha meg ein tur å plukka litt av dei. Det letta nemleg litt mellom byene, og ettersom alt regnet har øydelagt blåbæra, er tyttebær ein god erstatning. Plukka ein liter langs løypa » min» på Myrsfjellet. Så no vert det rørte tyttebær til kjøttkakene i vinter.
No Comments