27. august, 2016
Dagens tur gjekk til Totlandsfjellet ved Eknes i Lindås. Ei godt merka og mykje brukt løype for folk i nærområdet, men ikkje den lengste turen dette. Berre 1,3 km frå E39 og opp til hytta på toppen. Starten går som sagt frå E39, mellom avkøyrselen til Totland og Eknes/Hindenes, på venstre side av vegen om du kjem frå Eikangervåg.
Stien går gjennom lauvskog og blandingsskog oppover, og ikkje lenge etter start kjem ein til eit stidele der ein kan gå mot Bjørndal og ta den vegen opp til toppen. Eg gjekk mot høgre og passerte fleire fine skilt og ein kvilebenk med litt utsikt mot fjorden.
Vidare gjennom skogen og på klopper over dei blautaste partia.
Snart skimtar ein hytta på toppen, og når ein kjem opp får ein og sjå utover Osterfjorden.
Hytta ( eller plassen) vert kalla Ørnekulten og ligg 255 moh. Her låg muligens den første «radaren» i Nordhordland, og hadde som oppgåve å observere flyangrep mot Bergen.
Det vart først bygd ei lita hytte her i 1939, og den hadde telefonlinje til Bergenhus festning.Her vart det halde nøytralitetsvakt frå 1940. Hytta og telefonlinja vart fjerna etter okkupasjonen for at tyskarane ikkje skulle dra noko fordel av det. Det vart bygd opp ny hytte i 1952-1953, og den var observasjonspost for forsvaret. Meir om historien til hytta, og turbok, finn du om du stig inn i på baksida av hytta.
Utanfor står restar frå ein gammal ovn, som sannsynlegvis ein gong har vore inni hytta.
Etter at eg hadde skrive meg i turboka, følgde eg skilt mot Bjørndal. Eg har aldri vore der før, og villa då få meg ein litt lengre rundtur. Stien gjekk først mot aust, før den svinga nord og så vest mot Bjørndal. Etter ei kort stund fekk eg utsikt mot Bjørge og Storseter mellom trea.
Bjørge
Storseter
Også på denne stien sto ein flott benk til å kvila seg på, gjeven som gåve frå Lions Club.
Like etter utsiktsplassen byrja det å gå nedover, og etter ei stund kom eg inn på ein gammal skogsveg. Eg passerte skilt mot Eknes, og fotsette nedover mot Bjørndal. Hadde eg att av mot Eknes hadde eg kome tilbake like før start på løypa der bilen min sto.
Vel ned på Bjørndal valde eg å gå veien tilbake til bilen. Ikkje E39, men ned på den gamle hovudvegen. Der eg for leeenge sidan køyrde skulebuss til ungdomsskulen kvar dag.
Bjørndal
E39
Litt langt å gå til Eknes på asfaltet vei, men kjekt og sjå seg om på veiar ein skjeldan køyrer lengre.
Georg Eknes Industrier
Like etter den gamle butikken på Eknes tok eg til venstre og gjekk opp mellom spredt bebyggelse til hovudvegen der bilen sto parket. 6,2 km
No Comments