Mulskollen, Lindås

Mulskollen, Lindås

29.01.17

I dag vart det søndagstur på nye stier for meg og KB, og Mulskollen 329 moh. ved Molvik var målet. Her hadde me aldri vore før, og derfor var det eit fint turmål i lettskya og mildt januarvêr.

Me tok av i frå E39 like etter krysset til Bjørsvik, og køyrde mot Molvik. På neset like før den vesle grenda Molvik ved Osterfjorden var det merka løype mot Mulskollen på venstre sida av vegen. Ikkje så lett å sjå skiltet, så ein må vere litt våken for at her er den ein sti.

Løypa var merka med blåe merker på greinene, og me passa på å følgja dei oppover lia. Ikkje så god sti, såg ikkje så mykje brukt ut. Stien gjekk oppover i skogen, og etterkvart kom me på toppen og fekk utsyn utover Osterfjorden. Like bak Mulskollen såg me Husdalsfjellet og varden der me har vore fleire gonger før. Like over fjorden ligg Tysse og Høgafjellet.

Vind og litt sludd i lufta gjorde at me rakst kom oss på heimveg, og når me kom tilbake til bilen kom regnet.

Fin tur, som ikkje var så lang. Men vedlig kjekt med ein frisk tur på ein stad me ikkje hadde vore før.

2,9 km.

No Comments

Post a Comment