Årsdalsryggjen, Masfjorden

Årsdalsryggjen, Masfjorden

23. oktober, 2016

Kommunetoppen i Masfjorden hadde lenge stått på planen, og i oktober passa det for oss alle, og det var meldt godt vêr. Sidan det var så seint på året, var me avhengig av å komma oss i veg med ein gang det lysna om morgonen. Me talte på timar, og kilometer på kartet, og kom til at me skulle klara å vera tilbake til start før mørket fall på.

Så kl. 8 om morgonen la me avgarde frå fyllinga der me hadde overnatta i bobilen. Pappa og Sissel kom oppover same dag, og var dermed svært tidleg påan. Kjekt å starta turen medan det enno ikkje har lysna heilt, og ein får oppleva at sola kjem opp. Me valde å følgja den T-merka løypa frå Stordalen mot Varadalsbu, og løypa er godt merka og lett å følga.

Etter nesten 3 timar, og ein pause, var me framme med Fjellvassbu.Ei fin lita, privateigd hytte, som også er opne for dei som måtte ha behov for det.

Etter Fjellvassbu fortsatte me i den T-merka løype til me såg Årsdalsryggjen framfor oss: Då tok me av stien og peila oss inn mot det som såg ut som den høagste toppen. Ikkje heilt lett det, fordi Årsdalryggjen er som navnet seier ein lang fjellrygg. Og det høgaste punktet i Masfjorden ligg på denne ryggen, like inntil fylkesgrensa mot Sogn og fjordane, og Høyanger kommune. Det høgaste punktet på ryggjen ligg derimot i Høyanger. Så her gjekk eg med gps og sjekk høgden frå eine vesle toppen til den andre. Frå den eine til den andre. Viste at høgda skulle vere 1070 moh, og til slutt fann me rett plass. Ikkje akuratt ein topp, men rett og slett eit punkt på Årsdalsryggjen. Men merka var den med ein slags varde. Om de undrast over dei merkelege positurane på toppen, så blas det sikkert kuling på toppen, og det var vanskeleg å halda seg oppreist. Kaldt som fy var det og, men toppen er toppen og nok ein kommunetopp var nådd. Yes !!!!

Me var raske å komma oss nedover og i ly for vinden igjen, og så var det å komma seg tilbake til Stordalen før det vart mørkt. Og det klarte me 🙂

ca. 22 km tilbakelagt, og ein flott høsttur samen med Kjell-Bjarne, søster og pappen.

 

No Comments

Post a Comment