Bjørn West Marsjen, 2015

Bjørn West Marsjen, 2015

23. august, 2015

Dagen for den årlege Bjørn West Marsjen ( 33 år) kom med lovnad om strålande solskinn, og for første gang på 15 år stilte eg til start.

Eg har min eigen lange BWM historie med 18 fullførte turar på rad, frå starten i 1983. Pappa var med som initiativtaker til marsjen, som går i frå Godbotnvatnet til Stordalen i Masfjorden kommune. «Marsjen vert arrangert til minne om det som hende i Matrefjella i siste del av krigen. Turen går forbi mange av dei stadane som det er knytt spesielle hendingar til i samband med krigsinnsatsen. » ( frå Opptur Hordaland, 28-01. og ein kan lesa meir om BW historia her og på BW sine nettsider).

Som sagt var eg med frå starten av og gjekk årleg denne marsjen i 18 år. På desse 18 åra fekk eg og 3 barn, så det var godt tima at fødslane ikkje kolliderte med marsjen 🙂 Dei siste åra eg gjekk var formen dårleg, og det vart gått på rein vilje og kjensle av plikt. Men i 2001 kasta eg handkle og sa stopp. Ikkje med lett hjarta å bryta, sidan eg hadde absolutt alle turane, men var glad då det var gjort. Og sidan har eg ikkje gått BWM, før no i år.

Og for ein tur!!!!! Lett å gå fordi formen var inne, forholdsvis tørr løype og eit fantastisk ver. Kunne ikkje blitt bedre.

Eg gjekk saman med Kjell-Bjarne, som gjekk for tredje gang, pappa som har gått alle gangane BWM har vore arrangert, og nevøen min Bjarte som gjekk sin femte marsj i dag.

Over 400 var ute i løypa i dag, som er ca 15 km lang, og ca 300 gjekk ei kortare løype frå Nystølen til Stordalen.

Om eg kjem til å gå fleire ganger? Kven veit…. Var i allfall ein god oppleving i dag, og noken ( les pappa 🙂 ) er litt opptatt av at eg neste gang har 20 turar og får merke……. 🙂

I dag vart 18,9 km tilbakelagt til fots ( inkl tur frå målgang til » hytta vår».)

No Comments

Post a Comment