Håvarden, Masfjorden

Håvarden, Masfjorden

9. oktober, 2016

Søndagstur til Håvarden i Masfjorden for å få eit klipp i kortet til EIL. Her hadde me aldri vore før, men med den vedlagte turbeskrivelsen fann me fram. Turen startar ved Elvik, ikkje så lang frå Masfjordnes/Sandnes, og me gjekk inn på ein skogsveg like ved husa. Etterkvart gjekk det over til sti, og bratt oppetter lia. Skog og lite utsyn før me kom ganske lang opp.

Håvarden ligg på 396 moh, og hadde godt utsyn i alle retningar.

Dette var ikkje ein langtur, men ein heilt fin hausttur i nydeleg vêr.

4,3 km.

No Comments

Post a Comment