Kolåstoppen, Lindås

Kolåstoppen, Lindås

5. februar, 2017

Søndagstur til Kolåstoppen på Lindås. Parkering oppe i Kolåsfeltet, litt på veg før ein kjem inn på grusveg. Vel oppe går vegen over til brei sti, også den grusa. Og det ser ut som om det ikkje er lenge før du kan koma heilt til Kolåstoppen med barnevogn på grusa sti. Tilgjengeleg for dei aller fleste med andre ord.

På toppen får ein utsyn nordover mot Mongstad og Gulen, mot Austfjorden og Masfjordfjella og utover øyane mot Nordsjøen langt der ute. Kolåstoppen, eller Kolåsfjellet er omtala i Opptur Hordaland tur 29-07.

3,4 km.

No Comments

Post a Comment