Toska, Radøy

Toska, Radøy

6. oktober, 2016

Turen til Toska gjekk saman med «Røde Kors Ut på Tur i Nordhordland», og me hadde ein fantasktisk kveld saman. Me var 39 stykker som møtte ved «Den gamle prestegarden» på Manger, og som køyrde i privatbilar ut til Toska. Her gjekk me tur på den søre delen av øya, i ein nydeleg kveldslandskap. Med oss på turen hadde me ein frå Hordaland Røde Kors som filma oss, og som i etterkant har laga ein kort filmsnutt om » Ut på Tur» prosjektet vårt. Denne, og mykje anna kan du sjå på facebook-sida til » Røde Kors Ut på Tur i Nordhordland». Og kom gjerne og gå tur saman med oss ein gong du og.

Bileta får tala for resten. Vakker natur, flott vêr, og masse kjekke folk frå mange ulike nasjonar. En uslåeleg kombinasjon 🙂

 

No Comments

Post a Comment