Trekantmarsjen 2017, Lindås

3. august, 2017

Trekantmarsjen 2017 er ein del av Tursekken, som er ein tur og «sjølfi» konkuranse som Knarvik Senter arrangerer. Den omfattar dei tre turane som har utgangspunkt i Trekanten Aktivitetspark på Kløvheim. Fjella/toppane er Myrsfjellet, Fløyen og Baståsen.

Etter å ha sett på FB at mange andre i bygda hadde gjennomført denne trippelturen, ville me gjera det same. Alle tre turane må takast same dag, det er konseptet. Anne Marie hadde sett på kartet at den kortaste løysinga måtte vera å starte på Stemmeleitet, ved Bjørnevollskiftet og så ta Myrsfjellet først, og så tenkt så gjort. Me var på Myrsfjellet kl. 14. og var raske med å skrive oss i boka, ta «sjølfi» og eit ustiktsbilde, før me la i veg innetter fjellet.

Så bar det ned på Myr, der Lillian bur og rett igjennom hagen. Innetter hovudvegen det vesle stykket til stien opp frå Hauge mot Fløyen. Denne biten er bratt og ikkje god å gå. Glatt og sleipt på steinar, røter og gras, men kom oss velberga opp. 40 minutter frå Myrfjellet til Fløyen var me godt nøgde med. Same prosedyre her : utsiktbilde, «sjølfi» og skrive oss i boka. Fekk heve innpå litt energi og drikke før me hasta vidare. Lillian hadde nemleg middagsavtale hjå ho mor der raspekaker sto på menyen, og slikt kan ikkje venta. Derfor hadde me ein stram tidsfrist og forhalda oss til og.

Vidare gjekk me ned skogsvegen og kryssa vegen ved barnehagen, og gjekk inn på den nye grusveien til byggefeltet. Så ned til Skråfossen og inn på den merka løypa mot Baståsen. I åsen forbi Trossavatnet og inn til Svindal. Opp i åsen der og innetter i skogen mot siste post. Me tok ut det me hadde og merka i grunn at dette vart den lengste turen me hadde gått på lenge. Kl. 16.10 var me i Baståsen og kunne skrive oss i boka. Resten av riualet vart gjennomført før me tok oss 5 minutt og litt ny energipåfylling.

«Vill i blikket og i godt humør»

Brått vart harmonien avbrote av skudd i skogen. Fleire skudd, og ikkje langt ned forbi oss heller. Me såg på kvarande og lurte på kva jakt som kunne vera starta no, så tidleg. Andejakt? 🙂 Anne Marie ringte ein venn, og me vart beroliga nok til å fortsetje turen. Når me kom ned der stien deler seg rett fram mot E39 og ein sti til høgre valgte meg høgre. Planen var å komma ut på vegen like ved Eikanger skule. Det viste seg at det vart nesten rett, me kom ut på » Lensmannshaugen». Og der venta ein ny venn med bil 🙂 ca. 4 timar og 12 km. Kjempenøgde med oss sjølve.

Litt seinare på kvelden skulle det heile regisstrerast på nett, slik at me kunne vinna fine premiar. Jau, jau….fristen var 31. juli 🙂 🙂 🙂 Så det var den Trekantmarsjen, hehe. Men uansett hadde me ein super tur, og var godt fornøyd.

PS: Raspekakene svarde og til forventingane 🙂

No Comments

Post a Comment