23. oktober, 2016 Kommunetoppen i Masfjorden hadde lenge stått på planen, og i oktober passa det for oss alle, og det var meldt godt vêr. Sidan det var så seint på året, var me avhengig av å komma oss i veg med ein gang det lysna om morgonen. Me talte...
Kommunetoppar i Hordaland
Kommunetopper i Hordaland
I 2014 starta eg å «samle» på kommunetoppar i Hordaland etter å ha lese ein reportasje i Bergens Tidene. Den handla om ein familie på 4, mor og far og 2 små barn, som hadde gått på alle dei høgaste fjella i kvar einaste kommune i Hordaland. Dette var...
Hardangerjøkulen, høgaste toppen i Hordaland :)
17. mai, 2016. Endeleg! Denne turen har eg hatt lyst til å gå lenge, og no var alt klart. Kjell-Bjarne, Therese,pappa og eg tok toget frå Arna Stasjon kl. 08.00 om morgonen på sjølvaste 17. mai. Ski og sekk med norske flagg var pakka og klart, og me var...
Veten, kommunetopp i Sund
10. april, 2016. Endeleg fekk eg ein ny kommunetopp i samlinga mi, og det var Veten, 284 moh., i Sund kommune på Sotra. Eg og Kjell- Bjarne parkerte ved Stranda skule på Steinsland i Sund. Her var p-plass og løypestart til Nordsjøløypa som går mellom anna til Veten....
Eldsfjellet, Meland
30. mars, 2014 og 12. oktober, 2014. Eg og Anja tok turen på Eldsfjellet, det høgaste fjellet i Meland med 324 moh, ein nydeleg vårdag i 2014. Me gjekk i frå Storatjørni, men det er ein litt lengre tur frå Skurtveit som er omtala i » Opptur Hordaland»...
Høgafjellet, Osterøy
6. september, 2015 Gler meg alltid når nye kommunetoppar er turmål, og i dag var intet unntak. Må litt planlegging til når ein skal jakta kommunetoppar, og derfor vert det ikkje så ofte som eg kunne ynskt. Veret må vera bra, då dei fleste toppane eg har att...
Runderabben, Modalen
17.oktober, 2015 Det flotte haustveret me har no må berre utnyttast best mulig, og dermed vart det ein ny kommunetopp på meg i dag. Runderabben, 1292 moh, i Modalen kommune fekk besøk av meg og Kjell-Bjarne. Me kjørte inn i Modalen og opp forbi Stølsdammen. Svingete og smal anleggsvei...
Sørdalsnuten, Lindås
28.juli, 2015 Endelig topptur til Lindås kommune sitt høgaste fjell, Sørdalsnuten, 957 moh. Og eg var heldig og fekk med pappa som kartlesar, og Ivar, Therese og Kjell-Bjarne vart og med. Turen starta i Dyrkolbotn og me følgde T-merka løype mot Skavlabu i ca 4 km, til Sørdalsvatnet....
Svinningen, Os kommune
15. oktober, 2015 Då var det endelig tur til Os kommune sitt høgaste fjell; Svinningen 843 moh. Med meg på turen fekk eg svoger Øyvind, som er oppvaksen i Os, som kjentmann. Me gjekk frå Hausdalen, og parkerte ved enden på vegen på p-plass for turgåere. Først gjekk det...
Rundtur på Fedje
29. mars, 2014 I dag fekk eg min aller første tur Fedje nokonsinne, i strålande solskinn og nesten vindstille. Eg og Wenche tok ferga ut og starta med å gå den austre Nordsjøløypa . Denne var ikkje merka, men me fann stien med litt rettleiing og ein god porsjon...